I det første tilfellet dreiar det seg om partiet som ein folkeleg organisasjon med direkte stortingsmandat frå veljarane, i det siste er partiet ein del av den utøvande stasmakta, der mandatet frå folket berre er indirekte. Det dreiar seg sjølvsagt om utanriks- og tryggingspolitikken. Utgangspunktet er ulike oppfatningar av ISAF-styrken si rolle i Afghanistan særleg dersom USA oppnår å slå den saman med Enduring Freedom. Leiaren av Sosialistisk Ungdom, Audun Herning, og tidlegare SU-eiar Ingrid Fiskaa, meiner at SV må kunne ha ei sjølvstendig oppfatning av utanrikspolitikken, no som før, medan parlamentarisk leiar, Inge Ryan, meiner at partiet ”berre kan ha ein utanrikspolitikk” (Dagsnytt morgon 28.10).
Ryan tar feil – alvorleg feil. Han blandar saman rolla til statsmakta og rolla til eit demokratisk parti med direkte forankring i folket. At ei regjering berre kan ha ein utanriks- og forsvarspolitikk er opplagt, for det er no berre regjeringa som kan ha ein ”operativ” utanrikspolitikk på vegner av den norske staten. Partiet fører ikkje utanrikspolitikk på vegner av staten, men hevdar fritt utanrikspolitiske meiningar og standpunkt som det kjempar for i alle relevante samanhengar og fora som det har tilgang til. Å krevje at partiet og regjeringa sin politikk skal vere samanfallande i alle store saker, er eit udemokratisk krav. Det var mellom anna dette som i si tid førte til kløyvinga i AP – fordi partiet ikkje kunne tolerere at delar av partiet hadde ei anna oppfatning av utanrikspolitikken enn det regjeringa hadde. For på den tida var jo Partiet = Regjeringa. Slike krav ville vere typisk for AP som einerådande regjeringsparti. Men SV er ikkje, og må aldri bli som AP!
Som eg skreiv i min Fokus-kommentar førre laurdag: SV si deltaking i ei koalisjonsregjering har berre meining i same grad som partiet tar vare på og utviklar sitt sjølvstende som politisk kraft. Den dagen regjeringa sin politikk = partiet sin politikk, er partiet overflødig – det vil seie: disiplinert til det sjølvutslettande. Då kan SV leggast ned.
De to ulike rollene som SV har som folkeleg organisasjon med stortingsrepresentasjon på den eine sida og som deltakar i regjering på den andre må sjølvsagt også få konsekvensar for korleis partiet fungerar i parlamentet. Som parlamentarisk leiar vil Inge Ryan ha eit særskilt ansvar for å sjå til at partiet har ei sjølvstendig rolle også i Stortinget og ikkje berre er løpargut/-jente for regjeringa. For det er berre i kraft av eit slikt sjølvstende at SV si deltaking i regjeringa kan seiast å vere demokratisk.
Gode Inge Ryan (og andre som måtte tenke som han):”Tenk ein gong til! Tenk sjølv!” , som ein brukte seie i SF.
Hans Ebbing

